Sidevisninger
24 timer 
000070
30 dager 
003302

OPTIMA PRODUKTER AS
Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.
Tlf. 56 56 46 10
NO 879 390 672 MVA
send mail

OPTIMA PRODUKTER AS

Optima Produkter AS er eit lite, familieeigd firma som produserer “produkter på lag med naturen”  Det er hudvask og hudpleie til folk og dyr og produkter for vask og "desinfeksjon" av rom og utstyr. Alt med effekt etter økologiske prinsipp. 
 Her ser du litt av produktspekteret..


Optimakonsepet - produkter på lag med naturen
Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat over eit vidt bruksspekter.

Ein skal ikkje ”tukla” med naturen!
I vår moderne tid har mange gløymt dei økologiske prinsippa.
Overdriven bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning og kan laga problem i kvardagen.

Optima pH forsterkar huda sine forsvarsmekanismar
Med sitt innhald av organiske syrer og effektive hudpleiemiddel forsterkar Optima pH huda sine eigne forsvarsmekanismar og legg til rette for den gode normalfloraen på hud, slimhinner og i mage/tarm.
På denne måten kan du unngå mange problem.


pH og proteaseaktivitet i hud

I normal hud er det balanse mellom protease og proteasehemmar. Når hudplager og sår utviklar seg har det blitt ubalanse i dette systemet; proteaseaktiviteten er blitt for stor. Det medfører at cellebindingane løyser seg opp og gjer det lettare for aktuelle bakteriar å få fotfeste. Problemet er på gang!

Ny forskning viser at proteaseaktiviteten er styrt av pH. Aktiviteten er størst ved pH 7-8,5. Ved pH 4-4,5 er denne sterkt redusert.

Dette prinsippet har relasjon til mange vesentlege hudplager hos folk og dyr.

Alle Optimaprodukt har pH 4. Det er gunstig både for proteaseaktiviten og for å styra  bakterieveksten bort frå problembakteriane.