OPTIMA PRODUKTER AS
Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.
Tlf. 56 56 46 10
NO 879 390 672 MVA
send mail

TIPS OG RÅD


Nokre tips ved bruk av Optimaprodukta for folk: Alle råstoffa i Optima pH hudpleie er godkjende til bruk i mat og ingrediensane er velprøvde “skjønnheitsmidlar”, slik som glyserol, eddik og alginat.
Optima pH hudpleie held huda mjuk og elastisk, og er god som hudlotion etter dusj/vask, ved tørr hud, etter soling og til generell hudpleie.
Mange nyttar Optima pH hudpleie til hårlotion/balsam, (skal ikkje skyllast ut), håret vert blankt, smidig og ikkje elektrisk.
Sjå og Optima pH shampo.
vis produkt Dette er eit produkt med heilt spesielle eigenskapar.
God til all hud/hårvask og kan derfor brukast som sjampo, ved dusjing, til barbering, intimvask, handvask og fotvask/fotbad.
Optima pH hudvask inneheld kun halv mengde tensider (vaskestoff). Resten er hudpleie.
Optima hudvask fjernar ikkje feitt frå huda og gjer det behageleg å vaska hendene/dusja ofte. Som handvask er denne spesielt interessant i helseinstitusjonar og næringmiddelindustrien.
- Mange påstår at Optima fjernar lukt (fjøslukt) frå hender og kropp meir effektivt enn andre såper.
vis produkt Slik unngår du oppsprekking og hudplager på hendene:

1. Ta på Optima pH hudvask utan vatn
2. Gni dette godt inn i hendene
3. Skyll med vatn etter 5-10 sek
4. Tørk hendene
5. Ta på Optima pH hudpleie etter behov

Dette opplegget er spesielt interessant for helsesektoren og næringsmiddelindustrien/serveringsbransjen, men er også svært aktuelt for barnehagar, skular, verkstadindustrien, i jordbruket og for folk flest.
Mange har positive erfaringar med produkta.
vis produkt • Sjukeheimar
• Aldersheimar
• Legekontor
• Apotek
• Skular
• Barnehagar
• Treningsinstitutt
• Fysioterapeutar
• Idrettshallar
• Hotell
• Serveringsstader
• Næringsmiddelindustri
• Verkstadindustri
• Gardsbruk
• Privatpersonar

kontakt oss for referanseliste
kontakt oss for tilbod
Produkta er holdbare i romtemperatur.
Høg romtemperatur over lang tid, slik det gjerne er på badet, er likevel uheldig for konsistens og farge. Refillkanner og flasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur (kjellar/kjøl) og ikkje i sollys.


til toppen av sida