OPTIMA PRODUKTER AS
Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.
Tlf. 56 56 46 10
NO 879 390 672 MVA
send mail
dyr-w100

TIPS OG RÅD, DYR


Nokre tips ved bruk av Optimaprodukta for dyr: Med dette midlet kan du vaska hunden (og andre dyr) så ofte som du synes det er nødvendig. Hyppig vask med “effektive” vaskemiddel med høg pH ( grønsåpe etc) er ikkje gunstig for normal hud og slett ikkje for hud med risiko for kløe og andre hudplager. Slik vask vil tørka ut huda og auka risikoen for hudproblem.
Optima pH Hudvask kan brukast både som spray og til utblanding i vatn.
Ved bruk som spray blir denne påført etter fukting med vatn. Massér godt og vent 2-4 min. før skylling.
Ved bruk i vatn er doseringa 1-2 ss pr 5 liter vatn. Svært mange sauebønder brukar Optima hudvask og hudspray for dyr ved lamming.
sjå artikkel under presseomtale
Metode/bruksrettleiing
Optima pH spenespray skal brukast utan utblanding i vatn, og det skal brukast frå før kalving via heile laktasjonen og til etter avsining.
Viktigaste brukstida er likevel ved avsining, ved kalving, ved speneskade og i tilslutning til mastittbehandling.
Gjennomtenkt spenepleie er ein viktig del av jurhelsearbeidet.
I ei produktevaluering i regi av Helsetenesta for storfe/TINE er det vist at produsentar som brukte Optima pH spenespray i heile 1998 hadde større nedgang i mastittfrekvens frå 1996 enn tilsvarande buskapar som anten brukte andre typar spenedypp eller ingenting.
Produktevalueringa er gjort med eit stort materiale og er derfor å sjå på som sikker.
dokumentasjon
vis produkt God vask av spenane før mjølking er viktig. Kvaliteten på mjølka avheng i stor grad av denne prosessen i det sjølve mjølkinga vil vaska med seg det smusset som ikkje er fjerna frå før. I dette smusset finst det rikeleg av bakteriefloraen frå avføring, uønskte bakteriesporer frå miljøet(dårleg silo) og uønskte bakteriar frå unormal hud. Å fjerna flest mogeleg av desse før mjølking er viktig for mjølkekvaliteten, og for å unngå smitte med mastittbakteriane S.aureus og Str.dysgalactiae.
Optima pH spenevask har pH 4 og er eit hudvenleg vaskemiddel som vil “arbeida” i same positive retning som Optima pH spenespray. Innhaldet av “vaskestoff” er ca halvparten av det som er vanleg i andre vaskemiddel. Resten er hudpleiemiddel. Midlet skal brukast i vaskevatnet; 2 spiseskeier=20 ml til ei bøtte vatn. Tørk godt av spenen etter vasking.

NB! Hugs at grønsåpe og liknande alkaliske vaskemiddel har høg pH. Bruken av slike middel medfører ei ekstra påkjenning for spenehuda og skadar normalfloraen.
Sjå og dokumentasjon
vis produkt

  • Veterinærar
  • Hesteoppdrettarar
  • Hundeoppdrettar
  • Kennel
  • Alle med kjæledyr
  • Mjølkeprodusentar
  • Gardsbruk med dyr

kontakt oss for referanseliste
kontakt oss for tilbod

Produkta er holdbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistens og farge. Refillkanner og flasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur (kjellar/kjøl) og ikkje i sollys.
sjå produktoversikt
prisliste

til toppen av sida