OPTIMA PRODUKTER AS
Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.
Tlf. 56 56 46 10
NO 879 390 672 MVA
send mail

DOKUMENTASJON


optima-s8-1-204x192optima-s8-2-195x192
Hund med hudplager før og etter 14 dagers hudpleie med OPTIMA pH HUDSPRAY for dyr. Foto: Hanne K Nilsen, Dyreklinikken på Stend AS, Bergen

Dokumentasjon
Alle Optimaprodukta byggjer på dei same prinsippa: låg pH, organiske syrer og alginat.
Dokumentasjonen som er gjort for eit av produkta vil derfor vera gyldig for alle produkt, folk/dyr.
Dokumentasjonen er delt i fire:


1. LABRAPPORT
Rapporten viser at Optima er snill med ”dei gode” bakteriane og ”gjer livet surt” for problembakteriane:
  • Staphylococcus aureus er ein svært viktig bakterie ved mastitt og hud/sårinfeksjonar hos bl.a. folk, storfe, sau, geit, hest.
  • Stapylococcus intermedius er den viktigaste bakterien ved hud- og øyrebetennelse på hund.
  • Streptococcus (fleire artar) er viktige ved mastitt og diverse hudinfeksjonar.
  • Pseudomonas aerogenosa finst ofte ved øyrebetennelse som er vanskeleg å behandla.
  • Klebsiella og proteus er ofte kompliserande ved øyrebetennelse.
  • E.Coli er ofte kompliserande ved hud- og øyrebetennelse.
  • Gjærsopp (candida sp.) Og flaskesopp (malassezia pachydermatis) er ofte å finna ved øyrebetennelse etter langvarig antibiotikabehandling.

sjå Labrapport publisert i Norsk Veterinærtidsskrift 1998 (pdf)


2. PRODUKTEVALUERING
Utført av Helsetenesta for storfe / Tine viste signifikant effekt.
les rapporten (pdf)


3. PILOTPROSJEKT
Ved Dyreklinikken på Stend viste god effekt på hudproblem hos hund.
les rapporten (pdf)


4. ALGINAT
Er ein av hovudingrediensane i alle Optimaprodukt.  Det har dokumentert effekt på sårheling og styrker immunforsvaret.


5. PROTEASEAKTIVITETEN I HUD
Nyare forskning viser at høg proteaseaktivitet disponerer for hudplager, og hindrar at sår gror. Denne aktiviteten er pH styrt. Låg pH(pH 4 som i Optima) reduserer denne aktiviteten.


INNHALD I OPTIMA:
Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Absorberer sårsekretet og stimulerer det uspesifikke immunforsvaret.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår.  ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane.

Som AROMA blir brukt naturlege smaksstoff;  Sitron og kiwi.
NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

HMS datablad:

På linkar under finn du to datablad; for spenespray og hudvask for dyr.  Den for spenespray gjeld også for hudspray for dyr, øyrerens, hudpleie og fotpleie, mageregulator og munnspray.
Hudsvask for dyr gjeld også for spenevask, hudvask folk og shampo.

HMS datablad spenespray
HMS datablad hudvask for dyr

 
sjå presseomtale
sjå tilbakemeldingar