Optimakonseptet er ein unik formel for hygi- ene og hudpleie etter økologiske prinsipp.
Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
I vår moderne tid har mange gløymt denne samanhengen som er så viktig både for helse og miljø. Heile tankegangen i Optimakonseptet bygger på desse prinsippa og erfaringane viser at dei held mål. Legg ein til rette for dei gode bakteriane vil ein unngå mange plager anten det gjeld utvortes, innvortes eller i nærmiljøet. Desse produkta vart utvikla i 2007-2008 som eit resultat av dei gode erfaringane med dei andre produkta. Med dette er Optimaserien utvida vesentleg. Nå kan dei økobevisste også utføra vanleg vaske- og desinfeksjonsarbeid i heim og næring etter økologiske prinsipp.
Slik verkar Optima reingjering og "desinfisering": Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg i nærvær av organiske syrer og ved pH-verdiar lågare enn 5. Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH-verdiane er ca 4 over tid, særleg ikkje når pH-verdien er resultatet av ein del organiske syrer.
Her er produkta som kan forbetra livskvaliteten din: Frakt kjem i tillegg til alle prisar. Fraktfritt ved kjøp over kr. 8oo.-
|
Optima pH universalvask pH 4
|
Vaskemiddel som kan brukast overalt i heim og næring. Det har ingen negativ effekt på helse og miljø og er ”snilt” mot inventar, utstyr etc.
Les meir
|
1 liter: kr 94,- inkl mva
|
|
|
|
Optima pH ”desinfeksjon” pH 3,3
|
Som ”desinfeksjonsmiddel” kan det brukast hvis du ønskjer endå sikrare effekt på problembakteriane enn det du oppnår med Optima pH universalvask. Sprayflaske er inkl. i prisen.
Les meir
|
1 liter: kr 77,- inkl mva
|
|
|
|